Perkusjonist Ivar Kolve synte at bosspann kan brukast til meir enn berre å putta boss i.Den nye stasjonen finn du i Gamle Dalavegen 110. Stasjonen har god plass, er oversikteleg og har også fått ein meir framtredande brukthall. I tillegg er han eit prøveprosjekt for ein ny måte å rekna leveringspris på. Du kan no bruka ein app på mobilen, som både rettleier deg gjennom heile besøket og let deg betala, anten via Vipps eller ved å registrera eit betalingskort i appen.
At Kvam har fått ein ny gjenvinningsstasjon vart torsdag markert med talar, musikk, bollar og brus. Mellom anna stod jazzmusikaren Ivar Kolve for eit imponerande trommeshow med ulike bosspann som instrument. Norheimsund skulemusikklag og elevar frå Kvam kulturskule kasta også glans over arrangementet.
Konserndirektør Borghild Lekve i BIR framheva i si tale viktigheita av å tilretteleggja for avfallssortering, gjenbruk og gjenvinning. – Kanskje er det slik at det som er boss for deg kan vera nyttig for meg, sa ho, og viste til dei mange flotte tinga som er å finna i brukthallen på den nye stasjonen.
– Anna avfall som ikkje kan ombrukast kan ved rett levering her på stasjonen forhåpentlegvis materialgjenvinnast, og det som er definert som farleg avfall kan handterast på forskriftsmessig og forsvarleg vis, slik at miljøgifter ikkje vert spreidd. Også på denne måten vil denne stasjonen vera viktig for ei bærekraftig utvikling.
– Stasjonen opnar døra til sirkulærøkonomien
Ordførar Torgeir Næss røpa at han i blant kjem til å tenkja på kaksen som dukkar opp som snorklippar i songen Ola Tveiten når han er ute på slike oppdrag, men at han ikkje kjenner seg att i dette, og snarare ville uttrykkja takksemd for det godt utførte arbeidet.
– Logistikken her er berre stilig: innkøyringsløysinga, graden av automatisering, bruk av app, sa ordføraren. – Det finst dei som fryktar automatisering og digitalisering. Det tykkjer eg ikkje me skal gjera. Me bør heller frykta manglande automatisering og digitalisering. Noreg har alltid stått langt framme i effektiviserings- og moderniseringsprosessa. Det er rett og det er smart.
– Denne stasjonen opnar døra inn til ei framtid der sirkulærøkonomi vert meir sentralt. Det vert lettare å leva grønt med løysingar som dei som er utvikla her, sa ordføraren. Han viste også til at det for folk i Tolomarka er ei velkomen endring med mindre tungtrafikk, når den nye stasjonen no er på plass.
– Denne nyvinninga slår rett og slett haugevis av fluger i ein smekk, sa Næss og takka igjen både entreprenøren og andre verksemder som har vore involvert, samt dei som har hatt ein finger med i spelet frå heradet si side: teknisk eining og næringssjefen.
Nytt betalingssystem
Den nye betalingsløysinga gjer ei nøyaktig prisutrekning basert på vekt, og gjer – som ordføraren også var inne på i si tale – at personalet får betre tid til kunderettleiing inne på stasjonen. Betalinga skjer no etter vekt, men prisen står i samsvar med det du tidlegare betalte per kubikk. Du kan levera inntil 250 kg for 50 kroner, og innitl 500 kg for 100 kroner. På BIR sine nettsider finn du heile pristabellen.
Du kan lasta appen ned til Android eller iPhone. Fyrste gongen du bruker han følgjer du rettleiinga for registrering. Dersom du ikkje kan bruka appen (kanskje er du ein av dei som føretrekk ein god, gamaldags telefon), er det likevel ikkje noko problem. Då tek du kontakt med kunderettleiar på stasjonen for å ordna det praktiske.
Den nye stasjonen er delt inn i to soner. I den fyrste sona leverer du avfall du ikkje treng betala for å levera, altså elektronikk, kvitevarer, papp og papir, plast-, glas- og metallemballasje, ombrukstekstilar og farleg avfall. Dei fleste ting til ombruk er også gratis å levera. Lagringskapasitet og kvalitetskrav gjer at ombrukslevering ikkje alltid kan garanterast. Den avgjersla tek kunderettleiaren. I den andre sona leverer du avfall du må betala for å få levert, til dømes restavfall, bildekk, trevirke og metallskrap. Også næringskundar kan ta i bruk appen, men dei må betala i begge sonene.
Grunna inndelinga i to soner er det lurt å pakka slik at det er enkelt å levera det som kan leverast gratis fyrst. Når du kjem inn i betalsona er det ikkje mogleg å køyra attende til gratissona utan fyrst å køyra heilt ut av stasjonen.
Opningstidene på stasjonen er inntil vidare dei same som før.
Norheimsund skulemusikklag kasta også glans over arrangementet
Retting: Det stod fyrst at det var Norheimsund musikklag som spela. Det rette er sjølvsagt Norheimsund skulemusikklag.