Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

NRK mP3 med live-sending frå Strandebarm skule

Frå kl 6.30 tysdag morgon hadde mP3 live-sending frå Strandebarm skule. Sendinga var premie for sigeren i NRK sin konkurranse Klassequizen. 

Vil du sjå sendinga, finn du den her: NRK: Disse artistene hyller Klassequizen-vinnerne

10. klasse i Strandebarm vann NRK sin kunnskapskonkurranse "Klassequizen" i ei spanande finale som vart vist på NRK1 18. mai. Klassequizen er ein årleg landsomfattande kunnskapskonkurranse for ungdomsskuleelevar i 10. klasse.

Ein av premiane var altså at NRK mP3 sendte live frå skulen, med mP3 si faste sending "Endelig morgen" frå kl 6.30 til kl 10 tysdag. Premiesendinga gjekk direkte frå kantina på skulen, og både radiopublikum og publikum på skulen fekk høyra artistane Sval, Peder Elias og Havsun live. Programmet vart leia av programleiar Martin Holmen og av YouTube-aren Agnetesh, eller Agnete Husebye, som har meir enn 100.000 følgjarar på den populære videoplattforma.

I tillegg til elevar på Strandebarm skule, var òg medfinalistane frå Hop skule gjestar. Etter sendinga fekk 10. klasseelevane frå Strandebarm og Hop tur med ribbåt og eit besøk på pizzarestaurant, gratulasjonshelsing frå Kvam herad. Og på skulen vanka det også kake!

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.