Min kommune - logg inn på din side hos kommunen - Nettsider for Kvam herad

Min kommune - logg inn på din side hos kommunen

På heimesida til Kvam herad finn du lenkje til Min kommune. 

På Min kommune finn du oversikt over dine faktura frå kommunen, brev frå kommunen og relevant informasjon knytt til din eigedom i Kvam herad. 

Innlogging via ID-porten. https://min.kommune.no

 

Forklaring til dei ulike menypunkta på Min kommune

Åpne postkasse:

Her finn du brev frå kommune, dersom du har det. Blant anna eigedomsskatteseddel

Se eiendommer:

Her kan du finne eventuelle saker knytt til din eigedom

Kommunale faktura:

Her finn du oversikt over alle betalte og ubetalte faktura til deg frå Kvam herad

Du kan be om betalingsutsetjing på ikkje forfalte faktura. 

Du kan hente ut kopi av dine faktura

MinEigedom:

Her finn du relevant informasjon knytt til dine eigedomar i Kvam herad

Min fakturahyppigheit. Her kan du velgje kor mange terminar du ynskjer å dele dine kommunale gebyr på. Kommunale gebyr omfattar vatn, avløp, feiing, slam og eigedomsskatt. Dersom du ikkje vel noko anna vil du motta 2 faktura i året på kommunale gebyr. Målt forbruk på vatn kjem alltid i tillegg.

Vassmålar. Her finn du oversikt over tidlegare innmeldt forbruk og målarstand

Brannførebyggjing. Her finn du tidlegare kommunikasjon med feiar. Informasjon om tidspunkt for siste tilsyn og feiing og når neste er planlagt. Eventuelle avvik og merknader.

 

Oversikta under viser når det er forfall i dei ulike alternativa: 

 

 

 

Spørsmål?
Skriv til:              mineigedom@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.