
Digitalisering gjer kvardagen enklare for mange – men ikkje alle.
Innbyggarane i Kvam må forhalda seg til mange ulike digitale kanalar frå både barnehage, skule, helsestasjon, Nav, kommunen og frivillige organisasjonar m.m.
Informasjon kjem ofte i ulike appar og system, og er ikkje alltid samordna eller lett å forstå.
Familiar med svake digitale ferdigheiter, språkutfordringar eller avgrensa digital kompetanse risikerer å gå glipp av viktig informasjon og tilbod dei har rett på. Dette fører til manglande inkludering, låg deltaking og ubehagelege opplevingar spesielt for barn og unge.
Det er eit gap mellom behovet til kommunen for å effektivisere og ta i bruk nye digitale kommunikasjonskanalar, og mottakarane sine digitale ferdigheiter. Fleire offentlege tenester brukar mykje tid på å forklara informasjon som er sendt ut frå andre.
Eittårig prosjekt
Prosjektet er eittårig (august 2026 – juli 2027). I løpet av dette året er intensjonen følgjande:
- Motarbeida digital utanforskap.
- Sjå på korleis informasjon frå tenestene når fram til brukarane.
- Involvera brukarar gjennom intervju og deltaking i utviklinga av løysingar.
- Samarbeida på tvers av tenester for å gje meir heilskapleg hjelp.
- Utvikla arbeidsmetodar og samarbeid som kan brukast vidare i den daglege drifta for å sikra god informasjonsdeling.
Målet er å finna gode løysingar som kan brukast også etter at prosjektet er avslutta.
Ynskjer du å komma i kontakt med Digiagentane?
Britt Tone Skeie
E-post: brsk@kvam.herad.no. Tlf. 412 90 247
Marte Alvsåker Tolo
E-post: marals@kvam.herad.no Tlf. 453 91 368