Kvam formannskap si tilråding ligg ute til offentleg ettersyn fram til Kvam heradsstyre sitt møte 10.12.2026.
Kvam formannskap handsama sak 090/26 Kvam herad - budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 i sitt møte 26.11.2026. Det vart fremja tre budsjettframlegg i møtet. Eit frå Kvam Senterparti, eit frå Kvam Høgre og eit fellesframlegg frå partia: Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, og Kristeleg Folkeparti (Fleirtalskonstellasjonen). Fellesframlegget frå fleirtalskonstellasjonen vart vedteke med 6 røyster. Sosialitsisk vestreparti sin representant røysta for fleirtalskontellasjonen sitt framlegg. Senterpartiet sitt framlegg fekk 2 røyster (frå SP). Høgre sitt framlegg fekk 1 røyst (1 røyst frå Høgre). Du finn alle dei ulike framlegga i møteprotokollen til formannskapet ved å gå inn på denne lenkja: Møteprotokoll FSK 26.11.2026. (PDF, 538 kB)
Du finn tilrådinga frå Kvam formannskap til saka 090/26 budsjett 2027 og økonomiplan for 2027- 2030 ved å gå inn på denne lenkja: Tilråding Kvam formannskap sak 090/26 Budsjett 2027 og Økonomiplan 2027-2030. (PDF, 176 kB)
Kvam formannskap handsama også sak 092/26 om forskrift for eigedomsskatt for Kvam herad 2027 og sak 091/26 Prisar og gebyr i sitt møte.
Du finn tilrådinga til sak 092/26 ved å gå inn på dessee lenkjene:
Tilråding Kvam formannskap sak 092/26 Eigedomsskatt 202 (PDF, 32 kB)7
Tilrådinga frå formannskapet i sak 091/26 Prisar og gebyr finn du ved å gå inn på denne lenkja her:
Tilråding Kvam formannskap sak 091/26 (PDF, 30 kB)
Rådmannen sitt framlegg til vedtak i dei ulike sakene finn du ved å gå inn på desse lenkjene her:
Lenkje til rådmannen sitt framlegg til budsjett 2027 og Økonomiplan 2027-2030 på Framsikt
Har du innspel til saka budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030?
Eventuelle innspell til budsjett 2027 og økonomiplan 2027- 2030 blir registrert på saka, men ikkje svara ut. Dersom du ønskjer å senda inn innspel, så kan du senda dette inn per e-post til: postmottak@kvam.kommune.no
Merk e-post med: Innspel budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030