Kvam filmklubb får kulturprisen 2026

I jubileumsåret får Kvam filmklubb den høgaste kulturutmerkinga i Kvam herad. Etter 20 år med filmglede, kunnskapsformidling og frivillig innsats blir klubben tildelt kulturprisen for 2026.

Ordførar saman med Nick og Karen frå styret til filmklubben  - Klikk for stort bileteOrdførar Torgeir Næss delte ut kulturprisen til representantane frå Kvam filmklubb sitt styre Nick og Karen (t.h.). Mary Ann Sørheim

 

Kvam filmklubb markerer i år 20 år sidan oppstarten etter restarten i 2006. Samstundes går historia endå lenger tilbake. Allereie i 1986 vart grunnlaget lagt for det som skulle bli eit unikt kulturtilbod i Kvam, og den første filmvisinga fann stad 13. januar 1987 med klassikaren Life of Brian.

I dei første åra bygde medlemmene sjølve amfiet i Ungdomshallen på dugnad. Publikum kunne sjå film frå raude plysjstolar henta frå Engen kino i Bergen. Aktiviteten vart lagd ned i 2001, men i 2006 fekk filmklubben nytt liv.

Eit langvarig samarbeid med kinoen

Då Kvam filmklubb starta opp att hausten 2006, vart eit tett samarbeid med Kvam kino etablert. Den første filmvisinga etter restarten fann stad søndag 29. oktober 2006, då den cubanske filmen Mirakelet i Havana vart vist.

Blant dei som var med heilt i starten, var Margit Skurtveit, Randi Storaas, Vigdis Stokker Jensen, Torunn Øvsthus, Hans Edvard Olsen og representantar frå Kvam kino. Nick Christensen kom med i januar 2007, og Karen Noer Korssjøen deretter. Fleire av desse er framleis aktive i klubben i dag, samtidig som nye eldsjeler har kome til.

Sidan 2007 har filmklubben og kinoen hatt eit fast samarbeid om visingslokale, filmframvising, innlasting av filmar og kinomaskinisttenester. Gjennom desse åra har både kinoen og filmklubben vore med på ei stor teknologisk utvikling.

Frå tida då filmrullar måtte hentast på posten og publikum håpa dei kom fram til rett tid, har utviklinga gått via digitaliseringa av kinoen i 2010 og fram til dagens moderne, digitale system der filmane blir lasta direkte inn i kinosystemet.

Under digitaliseringa var filmklubben oppteken av å ta vare på den gamle 35 mm-framvisaren. Det vart diskutert om klubben skulle halda fram med analoge filmvisingar, men utviklinga av digitale distribusjonssystem gjorde at tilgangen til kvalitetsfilmar heldt fram også etter overgangen til ny teknologi.

Frå Ungdomshallen til ny topp moderne sal

Jubileumsåret markerer også eit nytt kapittel for filmklubben. Etter mange år i den legendariske Ungdomshallen har klubben flytta inn i den moderne filmsalen ved Kvam vidaregåande skule.

Den nye salen gir betre fasilitetar for både publikum og arrangørar, med moderne kinoteknologi, ventilasjon og gode publikumsforhold. Flyttinga styrkjer samstundes utviklinga av skulen som eit kulturhus for lokalsamfunnet.

Meir enn berre film

Sidan 2006 har Kvam filmklubb utvikla seg til å bli ein av dei mest stabile kulturaktørane i kommunen. Klubben er kjend for eit kvalitetsprogram som ofte byr på andre filmopplevingar enn dei kommersielle kinotilboda. Før visingane får publikum faglege introduksjonar som set filmane inn i ein kunstnarleg, historisk eller samfunnsmessig samanheng.

Filmklubben har òg vore ein viktig møteplass. I mange år samla han filminteresserte tilflyttarar, medan medlemsmassen i dag speglar eit breitt utsnitt av innbyggjarane i Kvam. Medlemstalet nærmar seg no 100.

Kvam kino trekkjer fram at filmklubben utfyller det ordinære kinoprogrammet og gir innbyggjarane tilgang til kvalitetsfilmar som elles sjeldan ville blitt viste lokalt. Samstundes skapar klubben fellesskap, både i kinosalen og rundt kakebordet etter visingane.

Ein velfortent prisvinnar

Filmklubbar er oftast knytte til byar og større studiestader. Difor er det langt frå sjølvsagt at ein distriktskommune som Kvam over så lang tid har klart å halda liv i eit så aktivt og vellukka filmtilbod.

Bak suksessen ligg innsatsen frå ei rad frivillige gjennom fleire tiår. Eit kompetent og dedikert styre har bygd opp klubben til å bli ein viktig kulturarena og møteplass for innbyggjarane.

Då Kvam herad fekk framlegg om å tildela årets kulturpris til Kvam filmklubb, vart nettopp dette løfta fram: den langsiktige frivillige innsatsen, formidlinga av filmkunst og evna til å skapa fellesskap gjennom kultur.

Mottakar av Kvam herad sin kulturpris for 2026 er difor Kvam filmklubb.

Med prisen følgjer både heider, ære og ein plass blant dei mange markante kulturprisvinnarane i kommunen. I tillegg mottek klubben ei prissum på 10 000 kroner.

 

Kvam herad gratulerer Kvam filmklubb med kulturprisen 2026 og takkar for innsatsen klubben har lagt ned for kulturlivet i kommunen gjennom snart fire tiår.

Kvam herad logo - Klikk for stort bilete