
For deg som anten bur her, er på besøk eller nett er flytt til Kvam, så får du her ei oversikt over kven og kva som rører seg - og korleis du kan koma i kontakt med dei, kjøpa billettar eller kanskje bli medlem på skjerikvam.no
Haustferie i Kvam veke 41
Om du vil sjå film Kjærast på Kvam kino eller Lundefjellet- Egget som forsvann på Bornas Kabuso har du høve til det fyrste helga i ferien. I Øystese er det Siderfestival, med matmarknad, arrangement og underhaldning.
Vidare i haustferien er det Språktreff, KvammaLAN (5 års juileum), Kurs: Fletteverkstad og Snakkatrimmen for å nemne noko. Legg gjerne eit besøk til Kvam bibliotek som held til i Kvam vidaregåande skule og kulturhus.
Sjekk ut skjerikvam.no for meir
Caroline Mo Vik
Elles i Kvam så finn du spanande og lærerike aktivitetar for store og små - her er nokon:
Ung fritid ferie sitt haustferieprogram for barn og unge finn du her.
Les meir om Kvam og kvemmingar på sida Velkomen til Kvam.