Kulturprisen 2024 til Peter Helland-Hansen

Kvam herad sin kulturpris for 2024 er tildelt Peter Helland-Hansen. 

   

 Her er ordføraren sin tale ved utdelinga:

Her ved Hardanger Fartøyvernsenter har norsk tradisjons- og kvalitetshandverk vorte halde i hevd og utvikla.Og ikkje minst har det vorte formidla på framifrå måte. Småbåtverkstaden dykkar er eit godt døme på nettopp dette. Klinkbåtbygging og andre handverkstradisjonar vert tekne vare på – kvar dag. 

I småbåtverkstaden kjenner alle seg velkomne når dei stig innom uansett kva ærend dei har. Tallause skuleborn har fått si fyrste erfaring i bruk av øks, navar, høvel og andre handverktøy under kyndig og tolmodig rettleiing frå fagpersonen dykkar. Mange er òg dei som har teke sine fyrste åretak under skuleopplegget «Ut å ro». 

Der har fag vorte formidla, og ikkje minst historiar bak faget, og mange har fått kveikt både skaparglede og historieinteresse ser. Det er gjort en stor innsats i å bringa kunnskap og handalag vidare, og titals lærlingar har hatt glede av kunnskapsoverføringa som skjer i verkstaden.

Denne kunnskapen er også spreidd  utanom landegrensene våre. Peter her, han har vore i Frankrike og bygd tradisjonsbåtar frå Hardanger. Han har  og vore med i fleire samarbeidprosjekt med andre museum frå Polen til Portugal. 

Peter er oppteken av både bygging og bruk. Han har halde ulike handverkskurs og kurs i segling av tradisjonsbåtar.

Ein god skribent er han òg. Praktverket «Strandebarmaren» er eineståande i sitt slag, der han gjer grundig greie for både historia bak og den praktiske prosessen med å byggja ein Strandebarmar. Boka er så god at fleire har bygd sin fyrste og gjerne einaste båt etter instruksjonane og illustrasjonane dei har funne der. Elles har han skrive mange og grundige artiklar i årbøker og tidsskrift.

Arbeidet med innsamling og dokumentasjon ikkje berre om båtane i seg sjølve, men òg naust og naustmiljø og ikkje minst bruken av båtane i eldre tid, har gjort han til ein høgt skatta føredragshaldar om desse temaa. Eg har sjølv vore og høyrt Peter på naustseminar. Ikkje visste eg at naust var interessant!

Peter Helland-Hansen – du er ein av dei fremste formidlarane og utøvarane me har av norsk kvalitets- og tradisjonshandverk. Det er me i Kvam herad svært stolte av, og me kunngjer difor med dette at det er du som er mottakar av Kvam herad sin kulturpris for 2024. 

Prisen vart delt ut på Hardanger Fartøyvernsenter 17.6.24. Prisen er eit bilete laga av May Linn Clement, eit diplom og kr 8 000.