Har du innspel til kva rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal jobba med?

Rådet inviterer interesseorganisasjonane og andre interesserte til møte i heradsstyresalen på rådhuset torsdag 30. oktober kl. 18.

Rådet ynskjer å få innspel til kva for saker det skal arbeida med framover.  Rådet kjem og til å orientera om kva dei arbeider med no.

Om du er med i ein interesseorganisasjon som ikkje har lokallag i Kvam, ser me gjerne at du kjem eller kontaktar oss.

Påmelding til Lillian Bø på e-post lilbo5@kvam.herad.no eller tlf. 488 63 877 

Om rådet for menneske med nedsett funksjonsevne