Fotokonkurranse

Me treng bilete av Kvam vidaregåande skule og kulturhus

illustrasjon av nya kvam vgs og kulturhus - Klikk for stort bilete

 

Sit du på eit blinkskot av det nye bygget allereie? Eller vil du utfordra deg til å ta eit?

Kva

Bilete av Kvam vidaregåande skule og kulturhus. Hovudinngangen er kanskje viktigast å få avbila for god gjenkjenning, men her står ein fritt til å knipse den versjonen av bygget i sitt miljø som me kan nytte i ulike samanhengar når me formidlar innhald i bygget.

Når

Send ditt bilete til informasjonsrådgjevar på e-post eller gjerne via fildelingstenesta westransfer.com innan fredag 30. januar kl 12.00

Korleis

Send til denne adressa: conlan@kvam.herad.no anten direkte eller via www.wetransfer.com. Merk innsendinga med namn om det ikkje kjem fram av e-post adresse.

Kven

Alle kan sende inn bilde dei sjølv har tatt. Med atterhald om at ein føl retningslinjene for konkurransen.

Retningslinjer 

  • Du må ha tatt bilde sjølv. Det er innsendar sitt ansvar å sørge for å ha opphavs- og/eller fotorett til bilde og å sørge for at eventuelle personar på bileta har godkjent at bilde vert offentleggjort.
  • Bilde må vera i liggande format.
  • Kvaliteten på bilde må vera god om me skal kunna nytta det på ulike flater både, trykk og digitalt. Høgoppløysleg  1- 3 mb (megabyte)
  • Bilde må vera i original format, utan filter eller vannmerke. Bileta kan bli beskåret i bruk.
  • Kvam herad tek atterhald om å nytta alle innsendte bidrag i eigne plattformar og kanalar utan vederlag, uavhengig av kven som vinn. Bileta vert kreditert med fotografen sitt namn, om de merkar bilete med det.
  • Juryen vil bestå av tre personar: leiar for samfunnsutvikling Heidi E. Ørjansen,  informasjonsrådgjevar Connie Langeland, samt ordførar Torgeir Næss.
  • Bileta vil bli vurdert etter skjønn, med vekt på at det syner fram bygget på ein fototeknisk god måte. Her er det mykje “hinder” 
  • Bileta vil verta lagra med tilhøyrande fotograf sitt namn i vår mediebank dei neste fem åra. 

 

Premie

Vinnaren vinn to billettar til nye Kvam kino om du finn i Kvam Vidaregåande skule og kulturhus. Kåringa vert fredag etter kl. 12 og vinnaren vert annonsert på kvam.no og i Friskus kommune innbyggjarapp.

Les meir om open dag på Kvam vidaregåande skule og kulturhus her!

Spørsmål?

Kan rettast til informasjonsrådgjevar, same e-post over.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.