Førpremiere på Kjærast på Det Norske teatret

Ordførar Torgeir Næss var til stades i Oslo på førpremieren av filmen Kjærast, skriven av Jon Fosse og regissert av Erik Poppe.

Kulturminister og ordførar framfor kinoplakat av Kjærast - Klikk for stort bileteKulturministeren, Næss og Judith Kvåle (ordførar i Stad kommune) før førestillinga Susanna Fonneland Valland

 

Kjærast

Ei sår, visuell og sterk historie om kjærleik, skriven av nobelprisvinnar Jon Fosse.

Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken?

Ordførar Torgeir Næss var å finna på Det Norske teatret i Oslo på førpremieren torsdag 17. september. 

Fredag 18. september hadde Kjærast Noregspremiere. To filmframsyningar var satt opp på Kvam kino i helga og nye er satt opp dei kommande helgene grunna stor interesse.

 

Noregspremierer på Kjærast i Oslo - Klikk for stort bileteInne i salen på Det Norske teatret i Oslo, etter førpremieren vart skodespelarar, regissør og medarbeidarar tekne opp på scenen. I etterkant av filmen (under heile rulleteksten) var det samanhengande applaus. Susanna Fonneland Valland

 

Vestlandsordførarar opna etterfesten

Etter førpremieren fekk ordførar i Stad Judith Kvåle, og vår eigen ordførar Torgeir Næss, æra av å opna “etterfesten” i foajeen på DNT.

Det er kjekt å få stå her saman som ordførarar frå Kvam og Stad når Kjærast skal feirast - opna Næss.

Me kjem frå to kommunar som på kvar sin måte er knytte til denne filmen. Kvam gjennom Jon Fosse, opphavet og kunstnarskapen hans. Ein trebåt med far og son i det vakre Fyksesundet. Stad gjennom landskapa som mest har vore med på å forme det visuelle uttrykket.

Men i kveld er vi her for kunsten. Me er her for møtet mellom ein stor forfattar, ein stor filmskapar og beint fram fantastiske skodespelarar 

 

To ordførarar framfor filmplakaten til Kjærast - Klikk for stort bileteJudith og Torgeir opnar «etterfesten» i foajeen på DNT. Susanna Fonneland Valland

 

Det var både stoltheit, forventning og varme ord då gjester samla seg til førpremieren på Kjærast på Det Norske teatret. Med røter i Jon Fosse sitt litterære univers vart kvelden ei hyllest til både nobelprisvinnaren, nynorsken og dei vestlandske landskapa som har forma forfattarskapen hans.

På vegner av heimbygda til Fosse løfta ordføraren frå Kvam fram korleis den verdskjende forfattaren framleis er ein av deira eigne.

– Når verda snakkar om Jon Fosse, snakkar dei om ein nobelprisvinnar. Når vi snakkar om Jon Fosse, snakkar vi også om ein av oss, sa Torgeir i helsinga.

Han peika på korleis Fosse, med røter i Strandebarm, har klart å gjere det lokale universelt. Gjennom nynorsken og forteljingane frå Vestlandet har han skapt kunst som rører menneske langt utover landegrensene.

– Det lokale og det universelle er ikkje motsetningar, understreka han.

Landskapet som forteljar

Ordførar Judith trekte fram kor viktig landskapet er når Fosse sine tekstar blir overførte til eit visuelt medium. Langs Vestlandskysten er lyset i stadig endring, og naturen blir meir enn ei kulisse.

– Det kan vere mjukt og stille, eller mørkt og dramatisk. Det er eit lys som skaper stemningar før eit einaste ord er sagt, sa ho.

Ho peika på at nettopp dette samspelet mellom natur, menneske og historie er noko som gjer Fosse sitt univers så særmerkt, og som også kjem sterkt til uttrykk i den nye oppsetjinga.

Det usagde som kunst

Mange kjenner att Fosse sin karakteristiske stil med pausar, gjentakingar og det usagde. For Torgeir er nettopp dette noko av kjernen i forfattarskapen.

– Fosse skriv om det språket ikkje heilt strekk til for. Om menneske som prøver å nå kvarandre, og om alt det som ligg mellom orda, sa han.

Han skildra korleis Fosse sine tekstar ofte balanserer mellom det komiske og det sårbare, mellom det gjenkjennelege og det smertefulle. Gjennom tagnad, korte replikkar og halvsagde setningar opnar forfattaren rom for det som er djupt menneskeleg.

– Når Fosse viser desse tomromma, får vi likevel ei forståing av det som ikkje kan seiast direkte, sa han.

Store forventningar innfridde

Å overføre eit slikt litterært univers til scena eller film stiller høge krav til både regissørar og skodespelarar. Difor var forventningane store.

– Eg har vore spent på om det let seg gjere å skape dei same innsirklingane i eit nytt kunstnarleg uttrykk. Etter det eg har sett, gjer det det, sa Torgeir.

Han roste både regi og skodespelarprestasjonane og kalla resultatet ein triumf.

Ei hyllest til kunstnarane

Kvelden vart også ei markering av det kunstnarlege arbeidet bak produksjonen. Judith framheva motet som krevst for å gå inn i eit materiale som Jon Fosse sitt.

– Dette er ein kveld for å anerkjenne viljen til å tolke, motet til å utfordre og evna til å skape noko eige utan å miste opphavet av syne, sa ho.

Saman avslutta dei med å gratulere alle involverte med premieren og ønskje publikum ein god festkveld.

Førpremieren viste at Fosse sitt univers framleis har ei heilt eiga kraft. Med røter i vestlandsk jord, men med tematikk som talar til menneske over heile verda, held Jon Fosse fram med å samle publikum kring dei store spørsmåla i livet – og kring alt det som ligg mellom orda.

 

Framsyningar av Kjærast på Kvam kino finn du her.