Er du førebudd på å klara deg sjølv i ei veke ved krise?

Me lever i ei uroleg verd som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om me har det trygt og godt i Kvam må me likevel vera førebudd på at den urolege verda også kjem til oss.

Eigenberedskap. Bilete av varer som ein bør ha i eige naudlager. - Klikk for stort bilete

 

Har du tenkt på kva du gjer om vatn, straum- og mobilnett forsvinn? Eller om det skjer hendingar som gjer at du ikkje kjem vekk frå området du er i?

Norske myndigheiter rådar at flest mogleg klarar seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp under ei krise.

Les meir om kva du kan gjera for å førebu deg på denne informasjonssida som er utvikla og drifta av direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB): 

Slik bidrar du til Norges beredskap

Beredskapsmøteplassar

Dersom straum- og mobilnett er nede over lengre tid har me i Kvam herad 3 stader du kan møta opp for å få offisiell kriseinformasjon og hjelp til å kontakte naudetatane.

Disse 3 stadene er:

  • Strandebarm omsorg
  • Rådhuset i Norheimsund
  • Elkem Bjølvefossen

Her finn du meir om beredskap i Kvam.

 

Ta vare på deg sjølv, og skaff deg gjerne ein beredskapsven som kan hjelpa deg under kriser!

 

bilete av ein venn i naudlagerhylla - Klikk for stort bileteBeredskapsven

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.