Den nye rasteplassen og det nye servicebygget er eitt av tiltaka Statens Vegvesen utfører langs dei såkalla nasjonale turistvegane, som er 18 utvalde vegstrekningar som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar. Strekningane skal vera eit godt alternativ til hovudvegane og køyreturen skal i seg sjølv vera ei god oppleving.
Nasjonal turistveg Hardanger består av fire ulike strekningar: frå Granvin til Steinsdalsfossen, frå Norheimsund til Tørvikbygd, frå Jondal til Utne og frå Kinsarvik til Låtefoss. Dermed er dei jo også hovudvegen for mange av oss. Det var eit poeng ordførar Torgeir Næss ikkje heilt klarte å unngå då han heldt ei takketale under arrangementet. – Vegane våre er kanskje ikkje av den mest imponerande standarden, eg kan ikkje lata vera å nemna det, men landskapet vårt er det. I Kvam bur og lever me i eventyrlege omgjevnader og me liker å dela dette med andre.
Ordføraren har god tru på at det iaugefallande bygget vil bidra at Ålvik og Kvam som reisemål vert endå meir attraktivt, og påpeikte at mange legg opp reiserutene sine etter dei nasjonale turistvegane.
Det er Helen & Hard arkitektar som har teikna det nye bygget i Tyrvefjøra, eit namn som truleg kjem av norrønt tyrvi eller tyrvið, eit ord for daud furuved full av harpiks og difor veleigna som brensle. Slik sett kan det jo passa med eit toalettbygg der nett furua har ein sentral plass. Arkitekt Karen Jansen, som var med på opninga fredag, fortalde også korleis dei hadde henta inspirasjon frå omgjevnadene, og korleis dei hadde vorte fascinert av røter på furutre som forankar seg i stein. Trea var det Horda Tre som leverte, og dagleg leiar Peder Nernæs kunne fortelja om den omstendelege prosessen som låg bak produksjonen av bygget, frå tre i skogen til ferdig konstruksjon.
Ålvik skulemusikklag bidrog musikalsk.
Det nye servicebygget har nok også visse instagramvenlege kvalitetar.
Representantar for reiselivsnæringa stod for snorklyppen. Fleire media hadde møtt opp i samband med opninga.
Per Ritzler er mediekontakt for Nasjonale turistvegar, og var konferansier under arrangementet i Tyrvefjøra.
Joran Beijersbergen og Arngunn Timenes Bell frå Kvam kulturskule var blant musikarane som bidrog under opninga.