Dugnadsgjeng har friska opp Strandebarm skule

Ein del av dugnadsgjengen, som til saman har lagt ned 555 timar.Strandebarm grendautval tok hausten 2018 eit initiatv ovanfor Kvam herad: Dei ville vaska og måla Strandebarm skule, sidan det hadde gått 11 år sidan skulen var ny og sist måla. 

No har dei gjort jobben! 23. mars stod 11 friviljuge for utvendig vask av skulen, og i tida 16. april til 14. mai vart skulen måla. Det gjekk med omlag 54 liter oljebasert grunning og omlag 330 liter vassbasert måling, og totalt 18 personar har delteke i målingsarbeidet. Kommunen har betalt for måling og målingsutstyr.

I tillegg til dei opphavlege fargane nytta av arkitekten er det måla ei dekorativ solsikke på veggen ved SFO. 

Dugnadsgjengen har heller ikkje nøydd seg med dette. Alle takrenner har blitt renskar, og det har vorte påsett lauvsil i alle nedløp. Utebenkjer har vorte vøla og stramma opp. Ein del mose har vorte fjerna frå taket. Basketballkorga har vorte teke ned for å setja på ny plata og reparera korga. Totalt har det gått med 555 dugnadstimar, og 25 personar har delteke i arbeidet; normalt 4 - 5 kvar dag i heile arbeidsperioden. 

Kvam herad rettar ein stor takk til dugnadsgjengen!