Det har gått eit ras i Flatabødalen i Botnen

Det har gått eit større ras i Flatabødalen i Botnen, det rasar framleis. Me ber folk om å ikkje bevege seg i dette område no.

Etter dialog med NVE er det ikkje tilrådeleg å ferdast i fjellområdet der raset har gått og i områda ovanfor. NVE har registrert sprekkdanning høgare oppe i fjellet, noko som kan tyde på ustabile parti og fare for ytterlegare ras.

Kommunen vil gjennomføre ei synfaring i området på måndag.