Ny kontrakt
23. juni 2025 var det oppstart av ny busskontrakt i Hardanger/Voss. Det vert ved oppstart av ny kontrakt lagt opp til ei vidareføring av tilbodsnivået som i dag, med enkelte justeringar for å betra og tilpassa tilbodet. Mellom dei viktigaste endringane er innføringa av Skyss Bestilling.
Nye rutetabellar og meir info
Skyss Bestilling – bussen kjem når du tingar han
Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har tinga dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for dei som er dårlege til beins. Du kan til dømes tinga ein tur når du skal til butikken, på trening, til legen eller på vitjing.
Du tingar tur i appen Skyss Bestilling, på bestilling.skyss.no eller på tlf. 55 55 90 99. Billettprisen er den same som andre bussreiser. I Kvam er det sett opp to tingingsruter, ei dagrute mellom Øystese og Norheimsund på onsdagar og ei rute for trygge heimreisar på fredagar frå Øystese til Strandebarm.
Øystese-Norheimsund
Onsdag frå Øystese kl. 10.00 og frå Norheimsund kl. 12.30
Øystese-Strandebarm
Fredag frå Øystese kl. 23.00
Bussar ved bussterminalen i Arna
Alasdair McLellan, CC BY-SA 3.0