740 000 kroner til førebygging for barn og unge

Kvam har fått 741 724 kroner gjennom ei tilskotsordning for kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. 

Det er Bufdir som løyver pengane og alle kommunar som har søkt, har fått midlar. I Kvam skal pengane brukast slik: 

Innsatsområde 1: Styrkja innsats mot skulefråvær og for auka skuletrivsel 

Gjennom tilskotsordninga ønsker Kvam herad å styrkja skulenærvær ved å: 

  1. oppretta eit skulenærværsteam som del av forskingsprosjektet Back2School 
  2. styrkja inkluderande praksis gjennom kompetanseheving i samarbeid med Læringsmiljøsenteret 
  3. gje tilskot til utstyr og læringsarenaer for å stimulera til meir praktisk, variert og relevant undervisning for 1. til 10. trinn 

Innsatsområde 2: Fritidskortet 2026 

Tilskotsmidlane sikrar at alle barn og unge i alderen 6 til 18 år framleis har 1000 kroner tilgjengeleg på fritidskortet ut 2026. 

Pengane vart tildelte før sommarferien og skal nyttast innan utgangen av 2026. Heradsstyret vedtok i juni korleis midlane skal nyttast. Ungdomsrådet var med på å utforma søknaden.
 

Barneteikning matematikkbingo - Klikk for stort bileteBarneteikning av matematikkbingo (frå oppvekstplanen)