I fjor gav Statsforvaltaren i Vestland eininga Friskliv og meistring i Voss herad tilskot for å utvikle kurset «Sunn aldring». Dette er eit kurs for personar i alderen 65 – 79 år, som har mål om å fremja god ernæring, fysisk funksjon og livskvalitet i pensjonisttilværet.
Interkommunalt samarbeid
Friskliv og meistring er i utgangspunktet eit interkommunalt tilbod til innbyggarane i Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord, men på dette kurset er også innbyggarane i Kvam velkomne. Åshild Bekkesletten har vore testdeltakar på kurset som representant for Eldrerådet i Kvam, saman med representantar frå dei andre kommunane. Her er det ho har å seie om kurset:
Du har deltatt som representant for Eldrerådet i Kvam i kurset Sunn aldring – korleis synes du det har vore?
«Då eg fekk spørsmål om å vera med på dette prosjektet var eg fort klar over at dette kunne bli lærerikt, så eg takka ja. Det var eit kjekt kurs med gode kurshaldarar. Kurset var lagt opp på ein grei måte, og det var spennande å kome saman med fleire ukjende personar.»
Kva tenker du at ein kan læra eller blir meir obs på gjennom kurset?
«Kvar kursdag hadde eit tema som ernæring, søvn, trim med meir. Dette var nyttig og me fekk god informasjon om helsefremjande levevanar. Eksempelvis var det fokus på god og næringsrik mat sjølv om du skal ete åleine, og det var lagt inn ei fast trimøving etter kvar pause. Det er små triks som kan gje store forskjellar over tid.»
Vil du tilrå andre å delta på kurset, og kvifor/kvifor ikkje?
«Ja, eg håpar fleire vil vera med på kurset. Det er viktig å få nye impulsar og samtidig læra litt nytt. Her får ein kunnskap om ting som kan fremja ei friskare aldring.»
Åshild er fast med på onsdagsbowling, og får dermed både fysisk aktivitet og sosialt samvære i eitt.
Interessert i å delta?
No vert kurset gjennomført på nytt, denne gangen i Granvin. Oppstart er tysdag 12.mai. Kurset går over fem tysdagar på rad (kl.12.00 – 14.30) og kostar 300 kroner. Det er «førstemann til mølla»-prinsipp, men med venteliste.
Kanskje dette er aktuelt for deg?
For påmelding eller meir informasjon: