Vassmålar 2. halvår 2024

Det er tid for å lese av vassmålaren!

Illustrasjonsbilete av vassmålar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av vassmålar. Pixabay. Sluppe under CC0-lisens.

Faktura for forbruket pr. halvår vert sendt ut i påfølgjande månad, juni og desember.

Det vert sendt ut SMS til alle som er registrert med vassmålar, har du ikkje fått SMS kan det være at det ikkje er registrert rett kontaktinfo på deg, sjå meir info: SMS- og telefonvarsling - Nettsider for Kvam herad (www.kvam.no). Du kan og sjekke om det er registrert vassmålar på din eigedom ved å logge på Min kommune på Kvam.no.

 

Kva skal du gjere når du får SMS eller vassmålarkort i posten?

Sjekk at du les av korrekt vassmålar ved å samanlikne vassmålarnummeret på motteke SMS varsel mot nummeret på vassmålaren.

Når du svarar via SMS skal du berre svara med tal (du skal altså ikkje skriva noko kodeord eller liknande). Tal bak komma eller raude tal skal ikkje takast med. Du vil motta kvitteringsmelding etter innsending, men dette kan ta tid på grunn av stor pågang.

Dersom du ikkje svarar via SMS innan fristen, vil du motta vassmålarkort i posten.

Døme på SMS-varsel, og korleis du sendar inn din vassmålarstand (du kan trykka på biletet for å få det i meir lesbart format):

Her har vedkomande sendt inn vassmålarstand på 4039 (døme er henta frå 2021, men meldinga er omtrent lik i år).

Om du har sendt feil tal, kan du senda ny avlesing innan fristen. Det er alltid siste melding som blir gjeldande.
 

Vassmålarkort

Får du tilsendt vassmålarkort kan du anten svare via internett, på leseav.no, eller ved å senda svarslipp i retur. Dersom du ynskjer å svara via leseav.no er registreringa open fram til 1. desember 2024. Ynskjer du å svara via post må du senda svarslippen innan fristen som du finn på vassmålarkortet. Målarstand kan og sendast inn til mineigedom@kvam.kommune.no (send med nummer på vassmålar), eller via Min kommune på Kvam.no.

Om me ikkje mottek avlesing innan fristen vert vassforbruket stipulert ut i frå tidlegare forbruk.

NB: Du kan berre bruka leseav.no dersom du har fått vassmålarkort i posten.

Har du spørsmål kan du ta kontakt på telefon 56 55 30 00,
eller ved å senda e-post til mineigedom@kvam.herad.no