Rapport om kulturminne i Kvam

Kvam herad vedtok i 2018 kulturminneplanen “Med røter og føter i Kvam”.  Som oppfølging av planen har arkitekt Gøril Kjosås på oppdrag frå Kvam herad utarbeidd ein rapport om utvalde kulturminne knytt til hus, gard, tun, stølsmiljø, utmarksbygningar og kulturlandskap i Kvam.  

Rapporten inneheld faktaopplysningar, foto (2023), samt historiske foto. I tillegg finn ein historisk informasjon, verdivurdering, og tilstand etter avgrensa kriterier. Temaet omfattar først og fremst hus og miljø som høyrer til innafor det tradisjonelle gardssamfunnet i Kvam.  I rapporten finn ein utvalde kulturminne som ein ønskjer dokumentera; enkeltbygg og bygningsmiljø som har lokalhistorisk verdi.

  • Hus, gard og tun, utmarka før og no (stølsmiljø) og kulturlandskap
  • Troskytjer og andre inn- og utmarksbygningar 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du finn rapporten her : Kulturminne i Kvam