Nytt design på Kvam.no

Ny utsjånad, same innhald - nesten. Nye funksjonar, gjev litt nye plasseringar på både menyar og knappar du tidlegare har funne på same stad. Bruk gjerne søkefeltet for å finna det du leita etter. Står du fast? Nøl ikkje med å ta kontakt.

skjermbilde av nytt design for kvam.no - Klikk for stort bilete

 

Nytt design

Nytt, ryddigare og meir moderne design skal på plass på kvam.no. Sida med sitt nye design, men også ny funksjonalitet tek betre i vare Universell utforming og liknande krav som me til ei kvar tid må ta omsyn til. I ein overgang vil det nok føra til litt støy, feil og til og med manglar. Me beklagar dette på det sterkaste, men håpar på tålmod til det gjerne har forandra seg til det betre.

 

Kort fortalt

Det nye designet tek større sikte på at ein kan nytta søkefeltet til å søka etter det ein leitar etter. Søkefeltet har ein KI modul som gjer at søkefeltet har fått seg ei stor oppgradering frå tidlegare. Men, skal ein søka etter tenestene og innhaldet vårt er ein avhengig av å vite det korrekte namnet, noko ein ikkje alltid gjer. Av denne grunn er framsida i tillegg til søkefeltet, bygd opp med ein tydeleg tenestemeny nær toppen. Det som omfattar tenestene våre skal vera å finna her.

  1. Heilt på toppen ligg ein hovudmeny. der du skal kunne finna alt du treng frå kvam.no. Her finn du også lenke til “Min kommune".
  2. Deretter kjem eit forstørra søkefelt, med andre godt besøkte knappar: “postliste”, “kart”, “skjema” og “ledige stillingar”.
  3. Tenestemeny
  4. Fokusfelt, viktige nyhende. 
  5. Organisasjon og politikk. Med lenkjer/snarvegar til dei mest etterspurte sidene.
  6. Nyhendefelt.  
  7. Botnfelt. Forenkla med kontaktinformasjon på ein knapp og informasjon om andre kanalar ein kan motta informasjon om tenestene våre på - på ein knapp.

Meld gjerne inn feil eller manglar

Er det noko du saknar? Ikkje finn att i det nye designet? For oss er det alltid nyttig med tilbakemelding på det som fungerer og ikkje fungerer, berre slik kan me verta betre. Oppdagar du feil eller manglar meld gjerne frå om dette. Slik kan me sikra at innhaldet på nettstaden vår vert så korrekt og forståeleg for alle brukarar som mogleg. Spørsmål eller andre ting ein måtte lura på i høve nytt design (eller sida kvam.no generelt) må ein også gjerne melde frå om til oss, dette er nyttig for forbetring og vedlikehald av sida.

 

Beklagar bryet, takk for forståinga og me håpar sluttresultatet vil vera til beste for alle.

 

Connie Langeland - informasjonsrådgjevar
E-post: conlan@kvam.herad.no