Møte i Kvam heradsstyre 1. oktober
kl. 09:00 torsdag startar møtet i heradsstyresalen og du kan følga med direkte på Kommune-TV!

På sakslista
Til dette møtet finn du mellom anna:
- Spørsmål til ordførar/ rådmann
- Svar på spørsmål om forbod mot KI-/smartbriller i Kvammaskulen - Kvam herad
- Svar på spørsmål om gjenbruk og ombruk - Øystese skule
- Svar på spørsmål om midlar til base-camp
- Spørsmål til Rådmannen - Ambulanse
- Innkjøpsstrategi for Kvam herad
- Ny vegnorm 2026
- Forskrift om buplikt i Kvam herad
- Tilstandsrapportar for barnehageåret, grunnskule og barnevern
- Kjernekraft offentleg høyring - uttale frå Kvam herad
- Høyringsuttale - endring i reglane om interkommunalt samarbeid
- Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kvam herad
Full saksliste finn du her.
Kommune-TV
Ynskjer du å følga møtet direkte på Kommune-TV? Klikk deg inn på denne lenkja.
Her kan du også sjå opptak av møtet i etterkant. Det vert gjort tilgjengeleg ein dag og to etter sjølve møtet. Gå til “arkiv” i hovudmenyen på kvam.kommunetv.no.
Publisert av Connie Langeland
Sist endra 30.09.2026 11:14