KvammaVEKO vert markert i form av ein mini-festival, der alle arrangement er gratis og open for alle.
Tema for 2026 er:
TILLIT ER BEREDSKAP
#KvarHandlingTel
Dette er 13. gongen KvammaVEKO vert skipa til.

Programmet ser slik ut:
Måndag 12. oktober
Kl. 11 I Gamleskulen på Norheim
KAFE PÅFYLL
Velkomen til kafeen med den gode samtalen! Me startar med ei innleiing kring temaet « Tillit» med Norunn Rød Markhus. Etter innleiinga, vert det servert smakfull lunsj, og tid til refleksjon og
Kl. 19 I Norheimsund kyrkje
NADI AANSAR
Forsoning - veier ut av det vonde og uoppgjorte
Kva gjer vi med det som er vanskeleg, uoppgjort og smertefullt i livet? Korleis arbeida med eigne følelsar og gi slepp på det som har vore? Psykologspesialist Nadia Ansar deler fagleg kunnskap og eigne erfaringar, og gir innsikt i korleis forsoning heng saman med både psykisk og fysisk helse.
Tysdag 13. oktober
Kl. 18 I Kvam Ungdomsskule
JANNE AMBLE
Jakten på et liv i balanse - fra utmattelse til styrke og kontroll. Janne Amble er kjend som programleiar for Norge bak fasaden, og vinnar av sesong sju
av Kompani Lauritzen. Midt under ei TV-innspeling, fann ho ut at ho har den autoimmune stoffskiftesjukdomen Hashimotos tyreoiditt. Då ho opplevde at kroppen sa stopp, måtte ho ta grep. I føredraget fortel ho om vegen frå ho fekk
diagnosen, og korleis ho har gått frå utmattelse til å tinna balansen.
Onsdag 14. oktober
kl. 19.00 på Kvam kino
SLAM! FØREDRAG MED GURO SIBEKO.
Guro Sibeko er fødd inn i anti-apartheidkampen, og har vore aktivist heile livet. Ho er utdanna lektor og skuleleiar, og har skrive ei lang rekke bøker, blant anna om rasisme og antirasisme. Ho har også brei skodespelarerfaring, og er ein av Noregs fremste SLAM!poetar.
Sibeko har livslang erfaring med å skapa reell endring i samfunnet vårt. Ho har vore med på å endra både haldningar, språk, forskrifter og lover, og å gje eit stort tal born og vaksne i Noreg skulegang.
I år gjev ho ut boka Amandla! Awethu!, der ho har samla samtaler ho har hatt om rasisme med over 20 000 ungdomar over heile Noreg. I føredraget deler Sibeko kunnskap og erfaring som kan hjelpa oss med å skapa eit antirasistisk arbeids- og skulemiljø, og korleis me kan virka antirasistisk i verda. Ho formidlar med mykje humor, stort alvor og innslag av rasande poesi.
Torsdag 15. oktober
Kl. 18 I Holmsund
TURMAT FRÅ HEILE VERDA
KvammaVEKO og Kvam Turlag inviterer til ei kjekk stund i friluft med turmat frå heile verda. Dette vert eit møtepunkt mellom norsk turkultur og internasjonale mattradisjonar. Her vert det lavvo og bål, spanande og smaksrik mat, og god stemning uansett ver. Ta med familien, og bli med!
Fredag 16. oktober
Kl. 19 I Kvam Kino
KINO: PENSJONSKUP PET
Etter 40 år som lojal heimeverande kone, får Annema sparken - til fordel for ein yngre modell. Saman med karrierekvinna Nina, som går ut på dato for arbeidslivet, og rebellen Mona, bestemmer trioen seg for å pensjonera seg frå lovlydigheita. Dei planlegg eit umogleg kupp: å rana sjølvaste Oljefondet. Ein ellevill komedie om ein høgst uventa førtidspensjon. Aldersgrense: 9 år 11 t. 50 min.
Avgrensa tal gratis billettar, så fyrstemann til mølla.

Kvart enkelt arrangement finn du også i kalender som eigen aktivitet om du vil lesa meir om det.
ALLE ARRANGEMENTA ER GRATIS!