Kvam herad er kåra til årets nynorskkommune 2024

Kvam herad vart i dag, måndag 21. oktober 2024 kl.12.00 kåra til årets nynorskkommune 2024. Kvam herad har fått prisen for: «sitt språklege medvit, for sin aktive bruk av målet og for å invitera verda inn i nynorsken».

Olav Øyehaug Opsvik

 

Prisen vert delt ut kvart andre år og kan gå til ein kommune eller fylkeskommune som viser til:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
  • eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
  •  tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

 

I år la juryen særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jeffery delte ut prisen på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Ordførar Torgeir Næss tok i mot prisen og takka på vegne av Kvam herad.

Ordførar Torgeir Næss uttala at "Nynorsken knyter oss nærare til kvarandre, og nærare til røtene våre. Språket bidreg såleis til integrering på fleire plan, både for innfødde og tilflytta innbyggjarar".

Rådmann Anita Hesthamar, Kjell Arne Gjøn, rektor ved vaksenopplæringa i Kvam og Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar var med og heldt faginnlegget frå Kvam herad i lag med ordførar.

"Det krevst ekstra innsats å vera ein nynorskkommune. Då er det stas og motiverande å få ei slik anerkjenning for arbeidet som våre medarbeidarar har lagt ned over lang tid" seier rådmann Anita Hesthamar.