Korleis kan eit nyskapande aktivitetsanlegg i Busdalen sjå ut?

Folkemøte: Torsdag 12. november presenterer Curve Studio fleire forslag og scenario for vidare utvikling av Busdalen.

illustrasjon av konsept for aktivitetsanlegg busdalen  - Klikk for stort bilete curve studio

 

Folkemøte

På møtet vert fleire ulike forslag presentert, og det vert høve til å koma med innspel og sei si meining.

📍 Stad: Holmatun
🕕 Tid: Torsdag 12. november, Kl. 18.00–19.30

Alle interesserte er velkomne til å delta i diskusjonen om korleis Busdalen kan bli ein nyskapande møteplass for aktivitet, leik og trivsel for alle. 

Vel møtt!

 

Om nyskapande aktivitetsområde

Busdalen er med i fylkeskommunen si satsing på nyskapande aktivitetsområde.  Partane involvert i prosjektet er Øystese fotballklubb, Vestland fylkeskommune og Kvam herad.  Fylkeskommunen finansierer arkitekttenester til fire prosjekt i Vestland fylke, og Busdalen er eit av desse områda.

Målet med prosjektet er å finna nye og gode måtar å både bygga- og forvalta anlegg for idrett, leik og aktivitet for alle aldersgrupper.  Prosjektet er basert på forsking der det vert slått fast at talet på born og unge som er jamnleg i fysisk aktivitet går ned.  Forskinga viser og at gutar og jenter brukar idretts- og aktivitetsanlegg ulikt, men at dei altfor ofte er utforma på gutane sine premiss.  Anlegga me har i dag er og i stor grad innretta for å driva organisert aktivitet, og gir mindre moglegheiter for dei eigenorganiserte aktivitetane t.d. leik, skating, trygge hengeplassar, ulike former for dans, bruk av idrettshallar  utan å vera med på organisert idrett- lista er lang. Når i tillegg idrettsanlegg er dyre å byggja, er det viktig at bruken av dei vert høg slik at storsamfunnet får tilbake mest mogleg verdi for kvar investerte krona.

 

Sjå forslaga frå arkitektane

På folkemøtet vil Curve studio som er engasjert av fylkeskommunen for å planlegga Busdalen presentera nokre ulike scenario for området.  Arbeidet er framleis i prosess, så no er moglegheiten for å påverka innhaldet. 

Sei di meining!

  • Kva ynskjer du at skal byggast? 
  • Korleis tenkjer du at ulike idrettsanlegg, idrettshallar, skuleplassar og klubbhus kan utynyttast og fungera best saman?
  • Kven bør møtast og snakka saman for at det skal skapast noko nytt og positivt i området?

 

Curve Studio om prosjektet

"Busdalen ligger midt mellom barneskolen, ungdomsskolen, barnehagen, idrettshallen og fotballbanen i Øystese. I områdeplanen for Øystese sentrum er området satt av til idrett og aktivitet. Busdalen er med i Nyskapende aktivitetsanlegg, en satsing fra Vestland fylkeskommune. Målet er å lage lavterskel møteplasser for fysisk aktivitet, særlig for unge som har sluttet i organisert idrett.

Visjonen er at organisert idrett og fri aktivitet skal gå hånd i hånd. Busdalen skal være et sted for alle, enten du trener på et lag, vil leke med venner eller bare vil være der de andre er. I forrige runde fikk vi mange innspill om hvor folk er aktive i dag, hva som mangler og hva som gjør at de ikke er aktive. Det er grunnlaget for scenariene. Etter denne runden lager vi et skisseforslag, som blir vist i desember 2026.

Alle er velkomne, også de som ikke har vært med før. Vi gleder oss til å høre hva du har å si."

 

Les meir om ordninga nyskapande aktivitetsanlegg her⬇️

https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2026/nyskapande-aktivitetsanlegg-fire-nye-prosjekt-far-finansiert-arkitekthjelp/