
Barnehagane våre har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med på laget vårt.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper
- Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar
- Vera ein god rollemodell
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Samarbeida med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Lyst og motivasjon for arbeid i barnehage
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Relevant utdanning og/eller praksis, som feks barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskapar; bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i lese-, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19,. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du er fleksibel og ansvarsfull
- Du møter barn, kollegaer og føresette på ein respektfull og inkluderande måte
- Du er leiken og likar å vera aktiv i samspel med barn
- Du trivst ute i alle årstider
Søk her!
Registrer søknad og CV på knappen under ved å velja "Søk på stillinga".
Jobb i barnehage - Open søknad
Ta kontakt med vikarkoordinator dersom du treng rettleiing:
Ann-Christin Olsen Tlf. 989 02 862
E-post: annols@kvam.kommune.no
Evy Straumstein Bekkesletten Tlf. 488 60 046
E-post: evybek@kvam.kommune.no
Søknad om arbeid som vikar i barnehageåret 2025/2026
Søknadane vil verta behandla fortløpande og søkjarlista til stillingsannonsa vert nytta som vikarliste til barnehagane våre. Du vil bli kontakta av vikarkoordinator dersom du vekkjer vår interesse og me ser deg som ein aktuell vikar.
Til info
Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.
Me ser fram til å høyra frå deg!
