Har du fått melding om endring av fastlege?
I dag, 21.8.2024 gjekk det ut melding frå HELFO til innbyggjarar i Kvam som har fastlegane Martin Erdal, Gert Remeijer og Jarle Hjartåker. Desse pasientane står no på pasientliste utan fastlege. Dette skuldast at legane har sagt opp sine fastlegeheimlar. Kvam herad har inngått vikaravtalar med legane.
Legane Martin Erdal, Gert Remeijer og Jarle Hartåker kjem til å halda fram som fastlegevikar på dei pasientlistene som dei har hatt. For deg som pasient vil dette ikkje føra til nokon endringar med det første.
Publisert av Kari Weltzien Vik
Sist endra 21.08.2024 09:17