Generelt bålforbod frå 15. april - Nettsider for Kvam herad

Generelt bålforbod frå 15. april

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i Noreg.

Frå og med 15. april gjeld det generelle bålforbodet i heile landet. Det betyr at det er forbode å tenna opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark. 

Våren og sommaren er ei særleg utsett tid for skog- og grasbrann. Tørr vegetasjon, vind og sterk sol kan føra til at ein liten gneist får store konsekvensar. Difor er det viktig at alle tek ansvar og følgjer bålforbodet.

Unntak gjeld berre der det openbart ikkje kan føra til brann.

Kvam brann- og redningsvesen oppmodar alle om å ta hensyn og bidra til ein trygg vår og sommar. Saman kan me førebyggja brann!

Og husk: din eld - ditt ansvar!

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.