Daniel Fatnes
Kriser kan oppstå
Verda er stadig i endring, mellom anna som fylgje av klimaendringar, krig og digitale trugslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må me vera førebudde på at ekstremvær, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramma oss.
Er du førebudd?
Korleis vil du og dine næraste takla det dersom straumen vert borte over ein lengre periode? Kva om vatnet forsvinn? Eller om du ikkje kan handla matvarer på ei veke?
Straumbrot kan føra til at vatnet i springen, kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av EL-bil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og moglegheit for å laga mat ikkje fungerer som normalt.
Brosjyre i postkassen
Denne veka vil alle husstandar i kommunen få tilsendt ein brosjyre om eigenberedskap, sendt ut av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidreg god eigenberedskap til at myndigheitene kan prioritera dei som treng mest hjelp om ei krise oppstår. Det er oppmoda om at ein bør vera i stand til å ta vare på seg sjølv i sju dagar.
Ivar Kvaal / DSB
Sjekk ut nettstaden sikkerhverdag.no som er drifta av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Her kan du lesa meir om kva det kan vera lurt å ha heime. Sjå gjennom denne, og ta ei vurdering på løysingar som er best for akkurat deg. Hugs at nokre førebuingar er betre enn ingenting.
(Kjelde: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap)