Budsjettframlegg for 2027

I heradsstyremøtet 4.11.26 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2027 og økonomiplan 2027-2030 presentert. 

Budsjettframlegget skal handsamast politisk i komande møtebolk. 

Det vil seia at formannskapsmøte skal handsama saka 26. november. Endeleg vedtak kjem i heradsstyremøte 10. desember. 

I tillegg skal formannskap inkl. gruppeleiarar ha eit arbeidsmøte 19.11.25. 

Framlegget er utarbeidd i Framsikt, som du finn på denne lenkja: 

Budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030

Det er laga ein pdf-versjon av budsjettet. Budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030.pdf (PDF, 6 MB)

Dokumentet manglar informasjonen om tiltak og prosjekt som kjem fram som “sprett-opp-vindauga” i nettversjonen.

I tillegg til sjølve budsjettdokumentet, er det ei rekkje sakspapir som vert tilgjengeleg i møteportalen frå 17.11.26. Sakspapira vert tilgjengelege i møteplanen til Kvam herad, når innkallinga til møta er klare. Møteplanen finn du her: 

Møteplan 2026 - Kvam herad - Nettsider for Kvam herad

Tidlegare budsjett og økonomiplanar finn du her: Budsjett og økonomiplan - Nettsider for Kvam herad

 

Til hjelp i det politiske arbeidet med budsjettet og ev. endringsframlegg, vil det verta laga eit tilsvarande excel-ark som for tidlegare år.