Sikker digital post (eDialog)

eDialog - send post på ein sikker måte

Raudstrupe i Kvam - Klikk for stort bilete Gaute Øymo Mælen

_______________

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Kvam herad via ein sikker og effektiv kanal.

  • Tenesta krev sikker identifisering som til dømes bank-ID
  • Data blir overført kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument blir sende elektronisk og mottekne direkte i vårt system
  • Vi sparer tid på postgang og postregistrering

Du kan nytte eDialog om du

  • Skal senda post med konfidensielle opplysningar
  • Skal senda dokument til eksisterande sak
  • Skal senda andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

Du skal ikkje nytte eDialog om

  • Heradet tilbyr eigne elektroniske skjema til føremålet. (Mange av tilskotsordningane våre har dette)
  • Du har generelle førespurnader. Då kan du sende e-post her.

Nyttig å vite når du fyller ut skjema

  • Gi god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Ikkje skriv sensitive personopplysningar eller personnamn i tittelen då denne kan verte synleg i postlista. Har du saksnummer frå Kvam herad, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar (t.d. opplysningar om helse, personlege forhald)
  • Last opp naudsynte vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Du kan svara heradet via eDialog

Om Kvam herad sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenke til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen". 

Der kan du fylla ut, lasta opp vedlegg og senda tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.

Send inn post via sikker digital post (eDialog)

Følg denne lenka til eDialog.

eDialog

Send inn post via sikker digital post 

Send inn

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.