Kvam herad ser det som eit godt tiltak å leggja til rette for innsamling av klede som går til gode føremål. For å kunna styra talet på innsamlingsskåp og kva for lag som skal få nytta kommunal grunn, har me sett opp reglar for kven som kan søkja, når de må søkja, storleik og plassering av boks, kor lenge, oppseiing og ansvar. Det vert tillate mellom tre og fem boksar på kvart innsamlingspunkt.
Sjå vedtektene for og plasseringa av innsamlingsboksane. (PDF, 2 MB)
Dei som ikkje har søkt om plass kjem til å få melding om å henta konteinarane. Det gjeld òg dei som har meir enn ein på kvart innsamlingspunkt.
Kven kan søkja?
- Det er viktig for Kvam herad å ha seriøse og profesjonelle aktørar me gode føremål
- Aktørane må kunne dokumentera at inntektene i hovudsak går til gode føremål
- Det vert sett krav om innrapportering frå aktøren om mengd innsamla tøy/klede, slik at kommunen kan rapportera vidare til KOSTRA-rapportering
Varigheit og oppseiing
Alle godkjenningar som vert gjevne til utplassering av konteinarar er midlertidige og kan verta revurdert. Dersom kommunen t.d. får klager eller ynskjer å nytta områda til anna føremål, kan kommunen krevja konteinar flytt eller fjerna innan kort tid. På stader der konteinarar vert flytt eller tekne bort, har utplasserarane rydjeplikt innan 14 dagar.