Kvam herad har mange offentlege toalett som er åpne for bruk, delar av året, eller heile året.
Vinterstengte toalett vert opna i perioden frå ca. 01.05. - 30.10. Enkelte stadar kan verta opna tidlegare og enkelte stadar kan verta stengde tidlegare.
Enkelte toalett ligg i bygg som har eigne opningstider.
Opning på dagtid er mellom 07:00 - 22:00 der desse vert låst nattetid, elles heildøgns opningstid.
Privateigde toalett utan offentleg avtale ligg i dei ulike næringsbygga i bygdene våre, ofte utan krav om å vera betalande kunde.
Ålvik
Det vert bygd nytt toalett ved Tyrvefjøra innanfor sentrum, dette er venta å opna til sommarsesongen 2022. Elles er det toalett ved biblioteket som ligg ved Ålvik kafe.
Steinstøberget
Statens vegvesen har offentleg toalett ved rasteplass i Steinstøberge mellom Ålvik og Fyksesundet. Dette er heilårs døgnope toalett som vert drifta av vegeigar.
Botnen
Botnen som ligg innerst i Fyksesundet har eit offenleg heildøgnsope toalett ved tidlegare Botnen skule, dette er ope berre i sommarhalvåret.
Øystese
- Ved Øystesestranda er det universelt tilpassa toalett i sommarhalvåret.
- Det er ope toalett på reinseanlegget / Notanes på dagtid.
- Ved Tunet kjøpesenter er det offentleg tilkomst for toalett i senteret si opningstid.
- Ved Øystese gravplass er det offentleg bruk etter eigne opningstider sett av kyrkjeleg fellesråd.
- Ved Blekel i Fitjadalen er det sommaropent toalett.
Valland
Ved Holmsund/ Nyatræet er det offentleg ope toalettanlegg i sommarhalvåret.
Norheimsund
Toalettbygg i Grova
- Offentleg toalett i Grova.
- Offentleg toalett på rådhuset, i opningstida.
- Ved Haugamyr idrettspark er det offentleg heilårs dagope toalett i idrettshuset.
- Ved Steinsdalsfossen turistmål er det fleire offentlege heilårsopne toalett.
Vikøy
Like ved båthavna i Vikøy, ligg det offentleg toalett langs fylkesvegen.
Tørvikbygd
Ved Tørvikbygd fergekai er det heilårs døgnope toalett som vert drifta av fergeselskapet.
Mundheim
Ved busshaldeplass ned mot sjøen, like utanfor vegkrysset i sentrum ligg heilårs døgnope toalettbygg med eitt universelt utforma toalett + eitt enkelt toalett.
Toalett på Mundheim
Kontakt
Reinhaldsavdelinga til Kvam herad, mobil 957 21 102.
Feil på / i bygg varslast til Kvam herad 56 55 30 00.
Akutte feil som må utbetrast snarast råd, meldast til vakttelefon 56 55 34 90.