Melding om overnatting må meldast til brann- og redningsvesenet i god tid før overnattinga skal finna stad.
Kvam brann- og redningsvesen har eit eige digitalt skjema for melding om overnatting. Brannvesenet vil normalt ikkje gje svar på meldingane, men kan ved nokre høve be om meir informasjon. Merk at dette er ei melding om overnatting, ingen søknad.
Meldinga skal kun nyttast der bygningen normalt sett ikkje vert nytta til overnatting.
Det er alltid arrangøren og eigar av bygget som står ansvarleg for tryggleiken, og at bruken er i samsvar med branntekniske tilhøve.
Den eller dei som har ansvaret må gjera ei vurdering av kva uynskte hendingar som kan oppstå, kva tiltak som må gjerast for å hindra at dei oppstår og tiltak som kan redusera skaden om det skulle oppstå.
Ting du bør hugsa på:
- Rømmingsvegane skal til ei kvar tid vera frie og ryddige.
- Alle som overnattar skal gjerast kjende med branninstruks, rømmingsvegar, brannalarm og møteplass ved brann.
- Røykvarslarane i bygget må fungera og vera plassert slik at dei vil vekkja overnattingsgjestane dersom det skulle byrja å brenna. Det må vurderast om det skal vera våkne nattevakter.
- Den ansvarlege bør til ei kvar tid vita det eksakte talet på overnattingsgjestar og ha ei namneliste over dei som overnattar.