Reguleringsplan for fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen på høyring

Vestland fylkeskommune har no sendt framlegg til reguleringsplan for tunell frå Steinsdalen til Eikedalen ut på høyring. Tunellen er eit tiltak for å tryggja fylkesveg 49 mot ras og skred i Tokagjelet.

Til prosjektsida med planframlegget

Om planframlegget

Vestland fylkeskommune har utarbeidd framlegg til reguleringsplan for fv. 49 Eikedalen – Steinsdalen, Tokagjelet (arkivsak 2022/57807). Føremålet med planen er å leggja til rette for eit godt vegsystem som gjev god framkomst og tryggleik for alle trafikantgrupper. Overordna hovudmål er å gjera aktuell strekning ras- og skredsikker.

Særleg utfordrande tema i planarbeidet er handtering av stort overskot av masser, ivaretaking av jordbruksareal og erverv av eigedom og bygg. Framlegget til plan er omfattande og samansett. Som vedlegg til sjølve plandokumenta er det ei lang rekkje fagrapportar og kartleggingar.

I medhald av plan- og bygningslova §§ 3-7 og 12-10 har formannskapet i Kvam herad den 12.06.2025, sak 046/25, gjort vedtak om å leggja framlegg til plan ut på høyring og offentleg ettersyn. Samnanger kommune har ikkje saka føre i denne fasen av planarbeidet.

Involvering og medverknad

Informasjon

Informasjonsmøte

  • Kvam herad
    Måndag 15. september, kl. 18.00–20.00, inviterer Kvam herad og Vestland fylkeskommune til informasjonsmøte på rådhuset, Norheimsund
  • Samnanger kommune
    Onsdag 17. september, kl. 18.00–20.00, inviterer Samnanger kommune og Vestland fylkeskommune til informasjonsmøte på biblioteket, Bjørkheim

Open kontordag

Her kan du ha ei meir konkret samtale om din eigedom eller tema i plan. Planleiar m.fl. tilgjengeleg for samtale og vidare informasjon.

  • Kvam herad
    Tysdag 16. september, vert det open kontordag kl. 10.00–18.00, rådhuset Norheimsund
  • Samnanger kommune
    Torsdag 18. september, vert det open kontordag kl. 10.00–18.00, Kommunehuset Tysse
  • Kontakt planleggingsleiar for å avtale møtetid på e-post: hans.kristian.dolmen@vlfk.no

Synfaring

  • Etter avtale onsdag 17. september kl 09.00–16.00 i planområdet
  • Vert det mange om beinet, kan det òg gjerast avtale fredag 19. september
  • Kontakt planleggingsleiar for å avtala møtetid på e-post: hans.kristian.dolmen@vlfk.no

 

Merknader og innspel

Perioden for høyring og offentleg ettersyn er sett frå 18.08.2025–24.10.2025

I digital innbyggjardialog kan du kartfesta og gje innspel eller gjera merknader digitalt. Tenesta er open i perioden for høyring og offentleg ettersyn. På heimesidene ligg og tilgang til 3D-modell av veganlegget og terrenget rundt.

Alle innspel og merknader elles må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen 24. oktober 2025. Merk dykkar innspel/merknad med «Fv 49 Eikedalen – Steinsdalen / Sak 2022/57807» og send til Vestland fylkeskommune:

  • e-post til post@vlfk.no
  • eller brev til «Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger»

 

Uttale og vedtak frå Kvam herad

Framlegget til plan er omfattande og har fleire utfordrande tema. Kvam herad er ikkje samd med alle løysingane i framlegget til plan og under høyringsperog har i si 1. gongs handsaming av saka gjeve følgjande uttale/vurdering:

 

«Kvam formannskap vedtek å senda framlegg til reguleringsplan for «Fv 49 Eikedalen – Steinsdalen, Tokagjelet» ut på høyring og offentleg ettersyn, men har følgjande merknadar som må handterast i det vidare arbeidet med plan fram mot 2.gongs handsaming:

 

1.      Før endeleg vedtak skal føresegnene til reguleringsplanen sikra at turveg frå Tokagjelet og til Steinsdalen skal vera regulert og opparbeidd før tunnelen kan verta tatt i bruk

2.      Før endeleg vedtak skal det gjevast føringar som avgrensar i tid etablering av masselager i Steinsdalen med omsyn på å redusera ulempene for landbruket. Føringane må og omfatta bruk av midlertidige anleggsvegar og tilbakeføring til landbruksareal og anna areal etter at masselagera er ferdigstilt.

3.      I Steinsdalen skal det utarbeidast forslag til løysing for rundkøyring som vist på skisse (vedlegg 1) /eventuelt T-kryss på same stad med same påhogg som skisse, med undergang på 3 meter fri høgd. Ein skal utgreia fleire forslag til moglege deponi som er spelt inn i Kvam. Formannskapet viser og til skriv i SAMO den 23.04.2025 der fylkeskommunen no ber om dialog. (vedlegg 3) Ein ber om at slik dialog vert oppretta med adm./politisk nivå og innbyggjarar for å koma fram til løysing.

4.      Kvam Formannskap viser og til løysing i Eikedalen (vedlegg 2) der ein utgreier trase og ny bru ovanfor eksisterande bru og etablerer rundkøyring. Deretter nytter eksisterande veg frå rundkøyring mot Bergen med utretting av to kurver og etablering av gs. veg. Tek ut massedeponi på Kleiva. At ein vidare i planarbeidet utgreier massedeponi andre stader som Kråni, Mørkhølen, Liaros og Børdal. Ein bør og oppretta dialog med Samnanger kommune/råka parter i det vidare planarbeidet. Kvam formannskap viser og her til skriv i SAMO 23.04.2025 der Fylkeskommunen ynskjer dialog.

5.      Kvam herad ber om at det vert etablert parkeringsplassar i området ved rundkøyring i Eikedalen for dei som skal reisa med buss

6.      Vern av høgproduktiv jord skal vektast høgare. Som ein fylgje av dette skal området Øvre Byrkjeland takast ut av planen. Andre områder kan takast inn til vurdering.»

 

Særskild merksemd

Vestland fylkeskommune ber direkte råka partar og offentlege mynde å vere særleg merksame på dei nemnde punkta og tema frå Kvam. Desse treng vi framleis å avklara i samråd med Kvam herad og Samnanger kommune fram til godkjenning av plan. Fagleg vurdering, råd og innspel kan ha verknad for vidare dialog og utforming av planen.

 

Til kunngjeringa av oppstarten av planarbeidet

Sjå arkivsaka med alle journalførte dokument