Registrering i Eiendomsregisteret

Som eigar av bustad eller fritidsbustad har du no høve til å registrera utvalgte opplysningar om din eigedom i Eiendomsregisteret. Dette er ei teneste hjå Kartverket, og opplysningane du legg inn går direkte til matrikkelen.

I løpet av veke 25 vil du motta ei melding frå Kartverket med informasjon.

 

Føremål

Opplysningar frå matrikkelen vert brukt kvar dag av innbyggjarar, næringsliv og offentlege verksemder. Kommunen registrerer opplysningar i matrikkelen som del av arbeidet sitt. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangla eller vera utdatert.

Ved å registrera det du kjenner til om din bustad og/el fritidsbustad, bidreg du til at matrikkelen vert meir oppdatert. Det kan gje deg rettare grunnlag for lån, forsikring, skatt og avgifter. Samstundes får mellom anna nødetatar og planleggjarar eit betre grunnlag for arbeidet sitt. 

 

Viktig å vita:

  • Det er pr i dag kun bygningstypane bustad og fritidsbustad du kan registrera på.
  • Registreringa er frivillig og skjer via ei sikker løysing hjå Kartverket.
  • Opplysningane du registerer erstattar ikkje det som ligg i matrikkelen, men kan brukast som grunnlag for oppdatering.

 

Kva du kan registera: 

  • Byggjeår
  • Bruksareal
  • Energikjelde og oppvarmingstype
  • Vanntilkopling og avløp

 

Denne informasjonen finn du i salsoppgåver, takstrapportar, byggesaksdokument; kvam.no/innsyn/postliste/sok-etter-saker/ eller byggesaksarkivet

Du kan også bruka det du sjølv veit.

 

Slik gjer du:

  1. Gå til Eiendomsregisteret hjå Kartverket:  https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
  2. Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som ligg inne
  3. Registrer det du meiner er rett
  4. Oppdater opplysningane om noko endrar seg

 

Spørsmål om innlogging og registrering:

  • Kontakt Kartverket her.

 

Feil og mangelfulle opplysningar i Eiendomsregisteret/Matrikkelen:

  • Har du spørsmål, ta kontakt med Kvam herad v/sentralbordet; tlf 56 55 30 00
  • Dokumentasjon og krav om retting sendast til:  postmottak@kvam.kommune.no 

 

Meir informasjon om eigenregistrering finn du på Kartverket sine nettsider:

Artikkelliste

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.