Symjehallen i Strandebarm er eit offentleg bad med 25 meters basseng og badstove. Hallen er ein del av Strandebarm idrettspark.

Strandebarm idrettslag har teke på seg oppgåva med å drifta tilbodet om offentleg bading i Strandebarm symjehall.
Utleige
I tillegg til offentlege badinga er det høve til å leiga bassenget.
Ta kontakt med rektor på Strandebarm skule for leige av bassenget.
Leigetakar må ha badevakt med godkjent livredningsprøve.
Bassengreglar
- Alle skal nytta badehette
- Alle skal nytta badetøy, undertøy under badetøy vert ikkje akseptert.
- Born under 11 år skal ha ein vaksen person (over 18 år) med seg. Dersom barnet ikkje kan symja skal den vaksne vera med ut i bassenget.
- Alle skal vaska håret før bruke av bassenget
- Alle skal dusja nakne og vaska seg grundig med såpe før bading
- Barbering, fotpleie, farging av hår, tyggegummi, glassflasker og mat er ikkje tillate i symjeanlegget
- Det er ikkje tillate å bada med plaster eller opne sår
Publisert 05.01.2018 13:27