Kva kan du søkja om?
- Nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett.
- Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar ved buområder)
Målgruppe
- Kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap (med idrett som føremål) kan søkja om spelemidlar.
- Vellag og burettslag kan søkja om nærmiljøanlegg.
Søknadsfrist
Søknadsfristen for tildelingar er normalt rundt 15. oktober.
Søknadsskjema
På anleggsregisteret.no finn du utfyllande informasjon om tilskotsordninga. Her finn du og naudsynt informasjon om prosedyrar, regelverk og vilkår for å kunna få tilskot.
Døme på informasjon du finn der:
- Vilkår og krav til søknaden
- Søknadsprosessen
- Søknadsskjema
- Dokumentasjonskrav
- Vedleggsmalar
Sjå også:
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (regjeringen.no)
Sakshandsaming
Søknaden vert sendt elektronisk til kommunen, som går gjennom søknaden og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert sendt vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen hentar inn dei opplysingane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få henne ved å retta deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Dersom de skal i gang med ny søknad, ta kontakt med Kvam herad fyrst (sjå kontaktopplysningar til høgre).
Klage
Du kan klaga til fylkeskommunen innan tre veker frå motteke vedtak. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du spørja kommunen eller fylkeskommunen. Opprettheld fylkeskommunen avgjersla, vert saka sendt vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.