Strandebarm idrettshallStrandebarm idrettshall ligg særs flott til på Tangerås. Hallen inngår i Strandebarm idrettspark der det er fotballbaner, friidrettsanlegg, miniatyrskytebane, joggeløype, sandvolleyballbane og symjehall.Strandebarm idrettshall opna i 2008 og er mellom anna tilrettelagt for handball, basketball, volleyball og badminton.UtleigeStrandebarm skule disponerer hallen på dagtid i vekedagane fram til kl. 16.00. Ynske om å leiga på dagtid må avklarast direkte med skulen.Ting hallen i Aktiv kommuneAll tinging av hallen på kveldstid og helg må gå gjennom Aktiv kommune. Sist endra 10.02.2025 15:06