Haugamyr idrettspark

COWI har på oppdrag frå Kvam herad laga ein plan for utvikling av Haugamyrane idrettsanlegg. Moglegheitsstudien vart laga i 2016.

Målsettinga med var å utvikla ein aktivitetspark for både organisert og uorganisert aktivitet. Aktivitesparken skal vera eit tilbod for alle aldersgrupper (barn, unge, vaksne og eldre).

Haugamyrane ligg i kort avstand både frå sentrum, barneskulen og ein ny vidaregåande skule. Dette gjer at anlegget kan nyttast både på dag- og kveldstid alle dagar i veka. Aktivitetsparken skal bli ein møtestad kor det er noko å gjera for alle.

I planen for aktivitetsparken er det mellom anna lagt inn:

  • Friplassen
    • Rekrutteringsanlegg for friidrett. Inn i friplassen kan det plasserast ulike aktivitetar som td volleyball, klatring, turnelementer
  • Kunstgrasbane for 7-fotball
  • Leikeområde for små barn og større barn
  • Treningsområde for ungdom, vaksne og eldre
  • Ungdomsområde med mellom anna skatebane, biketrial og parkour
  • Gå-, løpe- jogge løype rundt heile anlegget (800 m)
  • Grøne «lunger» med benker og beplantning

Det er kome mange gode tilbakemeldingar på planen som føreligg både frå innbyggjar lokalt og frå mellom anna Hordaland fylkeskommune som synes planane er særs spennande.

Her kan du lesa meir om planane for aktivitetspark på Haugamyr i Noheimsund: