Fritidskortet pluss

Framleis utfordrande å betala for fritidsaktivitetar?
Målsetjinga fritidskortordninga er at familiens økonomi ikkje skal vera eit hinder for barn og unge si deltaking på fritidsaktivitetar. Det er ikkje alltid det ordinære Fritidskortet er nok til at eit barn eller ein ungdom kan starta opp eller halda fram i ein fritidsaktivitet. Derfor har me ordninga Fritidskortet pluss, som gjev auka verdi på Fritidskortet.

Utvida støtte til aktivitet kan verta gitt dersom det ordinære Fritidskortet:

  • ikkje gjev tilstrekkeleg stønad til at eit barn/ungdom kan starta opp i ein ny aktivitet 
  • ikkje gjev tilstrekkeleg stønad til at eit barn/ungdom kan halda fram med ein aktivitet

Dersom du tenkjer at familien har behov for Fritidskortet pluss, ta kontakt med fritidskoordinator Kristin Lundblad her.

Frist for å søkja for våren 2025 er 20.06.25