Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Fritidskortet

Alle barn og unge i Kvam mellom 6 og 18 år får kroner 1000 på Fritidskortet sitt i året. Kortet kan brukast til å betala medlemskontingent for ei rekkje fritidsaktivitetar. Fritidskortet er digitalt og kan brukast i Aktiv fritid .  Her finn ein også ein oversikt over fritidsaktørane i Kvam. 

Har du innspel eller spørsmål ta kontakt med fritidskoordinator Kristin Lundblad her.
 

​Ofte stilte spørsmål om Fritidskortet

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.