Kva er BUA?
Kvam herad har, i eit samarbeid med ØIL og Lions, opna ei BUA-avdeling i Kvam. BUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ein nasjonal ideell organisasjon som har som føremål å gjera det enklare for barn og unge å prøva ulike aktivitetar, utan å auka forbruket.
BUA tilbyd gratis utlån av utstyr til sport til friluftsliv. Privatpersonar, barnehagar og skular i Kvam få låna utstyr gratis til i inntil 7 dagar.
Slik låner du utstyr:
For å låna utstyr må du ha låneprofil i BUA og den kan du lage her: https://www.bua.io/registrer
Du kan låne ustyr i opningstidene til Bua. Utstyret kan reserverast inntil to veker på førehand. Utstyr får du oversikt over her: https://www.bua.no/bua-kvam/utstyr
Opningstider:
BUA Kvam har opningstid måndagar frå 13:30 til 15:30 og torsdagar frå 17.00 til 19:00.
Her finn du oss :
BUA Kvam held til i Øvre Vik 3 i Øystese (gamle Røde Kors-huset) , rett ved hovudvegen. Det er busshaldeplass rett nedanfor.
