Kva tilbyr me?
Kan-skje kafé:
Kan-skje kafé er ein kafé drifta av ROP -avdelinga saman med brukarar. Opningstida er onsdag til fredag frå kl. 11-15. Dette er ein lågterskelkafé der alle er velkomne for å slå av ein god prat. Me tilbyr ein enkel lunsjmeny. Det er mogeleg å tinga lunsjlevering om ønskjeleg.
Me held til i sentrum, Sandvenvegen 28, med gåavstand frå busshaldeplassen.
Kafé påfyll:
Kafé påfyll er ein temakafé som held til i Kan-skje kafé sine lokale annankvar måndag. Det vert halde eit innlegg om dagens tema, god lunsj (kr 40,-), og prat rundt dette etterpå.
Kafeen er etablert etter initiativ frå avdeling Rus og Psykisk helse, i samarbeid med organisasjonen Mental helse Kvam og frivillige. Her treng ein ikke kontakta nokon i ROP for å koma. Kom som du er, til kafeen med den gode samtalen.
Holmsund:
Holmsund er eit aktivitetstilbud til deg som treng noko å fylla kvardagen med. Tilbodet vert gitt gjennom Rus og psykisk helse og er vedtaksbasert.
Her er fokus på samhald og inkludering. Det vert servert ein enkel lunsj av miljøpersonale. Nokon dagar har ein aktivitetar ute.
Tilbodet er lokalisert på Nyatreet og ein må komma seg til og frå på eiga hand.
Kva kostar det?
Tilboda er gratis.
Slik søkjer du
Leiar for avdeling rus og psykisk helse tildeler plass.