Fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot

Kva tilbyr me?

Fysioterapeutar med driftstilskot frå kommunen er ein del av helsetenesta i kommunen. Fysioterapeutane gjev tilbod til alle aldersgrupper. Ergo- og fysioterapitenesta arbeidar etter felles prioriteringar.

Fysioterapeutane gjev tilbod om undersøking, opptrening, behandling og tiltak til dei med m.a.:

  • muskel- og skjelettlidingar
  • opptrening etter skade, sjukdom eller funksjonstap
  • kirurgiske operasjonar som påverkar rørsleapparatet
  • kroniske sjukdomar
  • psykosomatiske lidingar
  • psykiatriske sjukdomar
  • delta i samarbeidsmøter

Tilbodet vert gjeve individuelt og i gruppe.

På institutta er det fleire med spesialitetar. Desse er tatt med i oversikten på kvart institutt.

Kontaktinformasjon og besøksadresse

 

Kva kostar det?

For fysioterapeutar med driftstilskot: Helfo gjev full stønad for dei som er under 16 år og dei med yrkesskade. For alle andre gjev Helfo berre delvis stønad, og du må betale eigenandel til du eventuelt kjem opp i eigenandelstak 2.

Fysioterapeutar utan driftstilskot: Helfo gjev ikkje stønad her. Dei fastset sjølv prisen for behandlinga.

Slik søkjer du

Du kan ta direkte kontakt med den einskilde fysioterapeut for timebestilling. Du treng ikkje rekvisisjon frå lege.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.