I fase to skal me vidareføra systematisk oppgåvekartleggjing i fleire avdelingar, inkludert Toloheimen demensavdeling, Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling, Tolo omsorg, Nattenesta, Mikkjelsflaten og Strandebarm omsorg. Kartleggjinga fylgjer same metode som på Øysteseheimen, basert på verkty frå TØRN-satsinga til KS.
Kvam heimeteneste er ikkje med i denne fasen, då dei allereie har hatt eigne kartleggingslaup. Teneste til menneske med utviklingshemming vert heller ikkje inkludert i denne runden, då denne typen kartlegging krev ei anna tilnærming.
Samtidig skal me kartleggja sjukefråvær og arbeidsmiljø på tvers av avdelingane, her inkluderer me òg Kvam heimeteneste og teneste til menneske med utviklingshemming. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Nav arbeidsliv gjennom satsinga HelseIarbeid, der me både får ekspertbistand og jobbar på tvers for å læra av einannan.
Vidare skal me
- Vidareutvikla tiltaket knytt til hus/hytte-ordninga, evaluera kva som har fungert, og vurdera ein strategi og arbeidsverkty for gruppeleiarane.
- Vurdera ei ny organisering av sjukepleiarar i team.
- Gjennomgå turnusskriving, kartleggja helgeutfordringar og undersøkja om ein kan bruka kunstig intelligens (KI) i turnusplanlegging.
Mål
Innan 31. januar 2026 skal prosjektet gjennomføra systematisk oppgåvekartlegging ved seks tenestestader i pleie og omsorg, basert på TØRN-pilot 5. Vidare skal prosjektet evaluera hus/hytte-tiltaket, utvikla ein strategi for sjukepleiarteam på tvers av tenestestadene og kartleggja turnusutfordringar knytt til helgearbeid og turnusskriving. Resultata skal rapporterast til heradsstyret og gjerast tilgjengeleg for leiarar og tilsette innan fristen.
Målgruppe
Tilsette og leiarar i pleie og omsorg i Kvam herad
Strategi
Prosjektet skal gjennomførast systematisk og målretta innan 31. januar 2026. Me kartlegg oppgåver, sjukefråvær og arbeidsmiljø på utvalde tenestestader, analyserer funn og utviklar tiltak for betra ressursbruk, organisering og turnusplanlegging. Tiltaka vert implementert, evaluert og rapportert til heradsstyret, med støtte frå relevante samarbeidspartnarar som KS og Nav arbeidsliv.