Klarar du deg ei veke utan internett og straum?

Eigenberedskapsveka 2026. Kva gjer du om nett og straum er vekke i fleire dagar? Har du fått med deg kvar informasjonspunkta er i Kvam? Og når ein skal oppsøke desse? Les deg opp på kommunal beredskap her!

Her kan du søkja om hjelp

Du kan no søkja om pleie- og omsorgstenester, trygdebustad, omsorgsbustad og omsorg+ digitalt.

Det er to ulike skjema: 

  • Eitt skjema for søknad om pleie- og omsorgstenester 
  • og eitt skjema for søknad om bustader (trygdebustad, omsorgsbustad/omsorg+).

 

Søknad om langtidsplass på sjukeheim og institusjonsplass ligg under pleie- og omsorgstenester. 

 

Om du har spørsmål kring korleis du søkjer, ta kontakt med Tenestekontoret.

 

Tenestekontor Helse og omsorg

Telefon: 56 55 30 00

Opningstider: kl 10:00 - 14:00, måndag til torsdag. Fredag stengt.

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund