Dagaktivitetstilbod- for heimebuande personar med demens

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan Kvam herad tilby dagsenterplass på Øysteseheimen, Strandebarm omsorg og Ålvik omsorg. 

Kva tilbyr me?

Dagaktivitetstilbodet skal bidra til å ivareta den einskilde deltakar sine funksjonar i dagleglivet, fremja livskvalitet og førebyggja isolasjon og einsemd. Tilbodet kan også innebere avlastning for pårørande.  

På dagsenteretet:

  • Legg ein vekt på den gode samtalen
  • Tilbyr enkel fysisk trening
  • Gir tilbod om frukt/saft, middag og kaffi. Hjelp i måltidssituasjonar, ulike diettar etter behov og tilrettelagt mat
  • Hjelp til medikamentutdeling
  • Formidlar hjelpemidlar 

 

Kvam herad har dagsenterplass i Ålvik, Øystese og Strandebarm som er tilrettelagde for deg som bur heime og har demens. Du kan få tilbod om dagsenter 1–5 dagar per veke.
Sjå blå boks til høgre for opningstider på dei ulike dagsentra. Dei er stengd laurdagar, helge- og høgtidsdagar.

Du kan få tilbod om transport til og frå dagsenteret ved behov. Utgifter til transport er inkludert i prisen.

Kven kan få tilbodet?

  • Heimebuande personar med demens som treng eit tilbod i eit miljø som er prega av tryggleik og trivsel
  • Deg som har pårørande som treng avlastning
  • Personar med redusert korttidsminne som kan ha behov for deltaking i sosialt fellesskap og tilpassa aktivitetar

Kva kostar det?

Sjå prislista. Vert innkrevd som månadsvis abonnementsordning. Dette er statleg sats for tenesta.

Dersom du som brukar ikkje nyttar deg av dagplassen din ein dag, må melda i frå så raskt som mogleg til dagsenteret eller gruppeleiar. Dei må avtinga drosje.

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Meir om søknaden her.

Lovar og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

Dagsenter

Ålvik
Opningstider:
mån-, tys- og torsdag, kl 08:30 - 15:00

Øysteseheimen
Telefon: 475 00 658
Opningstider:
måndag - fredag kl 09:00 - 15:00

Gruppeleiar
Hanne Mari Aarsand
Telefon: 941 55 058
E-post: HaAa@kvam.kommune.no

Strandebarm omsorg
Telefon: 910 04 773
Opningstider:
måndag - fredag kl 9:30 - 15:00
Kontaktperson: 
Alis Marlen Augestad Ljones

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no