Parkeringsløyve for forflyttingshemmaHandicap/HC-kortDu kan søkja kommunen om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Løyve gjev deg rett til å parkera på offentleg skilta og reserverte parkeringsplassar utan at du betalar avgift. Du får vanlegvis løyve frå to til fem år. Parkeringsløyve kan tildelast personar som ikkje kan gå eller har store problem med å bevega seg over noko lengd. Dette omfattar ei avgrensa gruppe, og det vil vera opp til kommunen å sørgja for ein korrekt og fornuftig tildelingspraksis. Ein slik praksis vil igjen føra til at det blir gitt eit tilstrekkeleg og godt parkeringstilbod til dei forflytningshemma som treng det mest.Tildeling av forflytningsløyve for forflytningshemma vert gjeve i tråd med rettleiar til Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemma. Kven kan søkja?Du kan søkja om parkeringsløyve for forflyttingshemma dersom:Du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg over noko lengd.Du har eit særskilt behov for parkeringsletteDu kan søkja anten som førar av bil, eller som passasjer. Det må gå tydeleg fram av søknaden om du søkjer som førar eller passasjer. Kriterie og vilkårparkeringsløyve er personleg og kan ikkje nyttast av andre enn kortinnehavaren.parkeringsløyve gjeld deg som person, ikkje bilen, og eigar av kortet må alltid vera med i bilen. misbruk vil medføra inndraging av kortet og du risikerer å verta meld til politiet.løyve må innleverast dersom grunnlaget for tildelinga ikkje lenger er tilstades.løyve må og innleverast når kortet ikkje lenger er gyldig.kommunen kan trekkja tilbake parkeringsløyve ved misbruk eller endra forhold som gjer at vilkåra for parkeringsløyve ikkje lenger er oppfylt. Slik søkjer duDu kan søkja parkeringsløyve digitalt. Det er også mogleg å henta papirskjema hjå fastlegekontora og hos fellessekretariatet på Kvam rådhus. Søknaden skal innehalda:ferdig utfylt søknadsskjema. Søknaden MÅ innehalda adresser kor du parkerer og treng parkeringslette, samt kor ofte du parkerer her. Bruk skjemaet som ligg lenka til i denne artikkelen, eller digitalt skjema.legeerklæringkopi av gyldig førarkort om du søkjer som førarkopi av id-kort om du søkjer som passasjerbilde i passfotostørrelseDersom du fyller ut eit papirskjema skal dette sendast til fellessekretariatet på Rådhuset: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.Kommunen innhentar eventuelt ekstra opplysningar dersom det er nødvendige for å vurdera søknaden.Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Les meir om Retningslinjer til forskrift om parkeringstillatelse.Lover og reglarForvaltningslovaForskrift om parkering for forflytningshemmaParkeringsforskriftaKlageEr du misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker fra du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Opprettheld kommunen vedtaket, blir saka sendt vidare til kommunens interne klagenemnd, som avgjer om klagen skal takast til fylgje. Publisert av Trude Birknes Buene Sist endra 12.12.2024 15:07