Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er ei ordning for dei som har eit særskilt tyngjande omsorgsarbeid for funksjonshemma born eller vaksne som treng mykje pleie. Omsorgsarbeidet må vera knytt til hjelp i eigen heim. Målet er at familien kan ha høve til å halda fram med å ha omsorga for sine næraste.

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som er godtgjersle for nokre av timane som du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

Krav til søkjar

  • den pleietrengjande må bu i heimen
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og det må vera naudsynte oppgåver.

Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samstundes.

Tenestekontoret kjem til å vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Dette må du tenkja over før du søkjer:

  • brukar du mange timar per månad på omsorgsarbeidet?
  • er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg?
  • har du mykje nattarbeid slik at det går utover nattesvevnen?
  • er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • går omsorgsarbeidet ut over det sosiale livet ditt og mangel på ferie og fritid?
  • har du omsorg for meir enn ein person?

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Meir om søknaden her.

Klage

Meir om klagehøve..

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no